-- Alle -- Alle vedlegg Årsmøte - referat Diverse referat - 2020 Diverse referat - 2021 Diverse referat - 2022 Diverse referat - 2023 Diverse referat - 2024 Dugnad Havnestyre SLV
Svar på brev med Informasjon til havna sine medlemmer av 8.4.23
Havnestyre  |   |  528  |  A+ | a-

SVAR PÅ BREV MED INFORMASJON TIL HAVNENS MEDLEMMER AV 8.4.23

Historie
Hamna slik den framstår i dag er i samsvar med gjeldande reguleringsplan av 10.12.2009. Det er i reguleringsplanen i tillegg opna for ny molo frå nordsida med fleire båtplassar. Det sittande styret kan dessverre ikkje ta ansvar for historia slik den vert fortalt i brevet. Å endre ein vedtatt reguleringsplan utan initiativ eller medverknad frå grunneigar er vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg.

I hamnestyret er det 6 medlemmar, 1 representant frå kvar av kaiene B1, B2 og B3 og 1 representant frå kvar av flytebryggene FB1 og FB2. I tillegg sit grunneigar med 1 representant i hamnestyret. Det er kun representant for B1 fram til årsmøtet i 2022, som har vore i mot eit felles hamnestyre. Derfor vart saka grundig gjennomgått på siste årsmøtet i vellet. Fleirtalet på årsmøtet vedtok at ein ønskjer eit felles hamnestyret for hamna og det er det mandatet styret har halde seg til.

Ein kan drøyme om korleis det var før flytebryggene kom og ønske seg tilbake til “gamle dagar”, men hamnestyret må halde seg til situasjonen slik den er i dag og at årsmøtet ønskjer eit felles hamnestyre i Lussevika.

Forsikring
Etter årsmøtet i 2022 har hamnestyret hatt ein grundig gjennomgang av forsikring. Alt er nå forsikra i same polise, i same selskap som tidlegare (If), men prisane er spesifisert for kvar “del”. Forsikringsdokument og faktura er vedlagt. Den einaste forsikringa ein treng utanom er innbuforsikring i sjøbuene.

Hamnestyret fekk oversendt faktura på forsikring av B1, B2, B3 og sjøbuene ved B1, frå representanten for B1 rundt årsmøtet i 2022. Den er vedlagt og var på 49 118,-. Bølgebrytarar, flytebrygger og sjøbuer ved B3 var forsikra av Lindesnes gårdsutvikling (LGU). De omlag 30 000,- som stod på driftskontoen til B1, B2 og B3 vart nytta, saman med kontingenten for 2022, til å dekke forsikringspremien.

Ved ein nærare gjennomgang med forsikringsselskapet viste det seg at kun 5 uteliggarar på B3 var forsikra. For de må det teiknast eigen flytebryggeforsikring.

Nå er alt forsikra i same polise; alle sjøbuer, alle kaier, alle flytebrygger og bølgebrytar BB1. Bølgebrytar BB2 let seg ikkje forsikre. Den nye forsikringa er på 84 823,-. Det utgjer om lag 500,- per båtplass per år. Det er hamnestyret sin vurdering at dersom uhellet ein gong skulle vere ute er alle tente med å vere forsikra gjennom same polise, enten det er flytebryggene som havarerer eller brann i sjøbuer slik som på Urvikodden ved Åvik nokre få år tilbake i tid.

I staden for å krevje inn eigen forsikringskontingent gjorde eit samrøystes hamnestyre vedtak om å legge på 350,- per båtplass på årskontingenten, som vart vedtatt på årsmøtet i 2022. Dette er referert i referat frå hamnestyremøte på SLV sine sider på lussevika.com.

Det vart gjort vedtak om eit “flatt” tillegg på alle. Om ønskjeleg kan ein ta ein grundigare gjennomgang av dette på årsmøtet i 2023.

Økonomi
Fram til 2022 vart rekneskapen for hamna ført av representanten for B1. Kontingenten som vart fakturert i 2022 er ført i eigen avdeling i velforeininga sitt rekneskap og medlemmane vil få fullt innsyn i dette på årsmøtet. Det same for 2023.

Prinsippa for fordeling av kostnadar og budsjett, låg ved i Årsmøtesaker 2022 – sak 3, som vart sendt ut og gjennomgått på årsmøtet.
  • Ein fastkontingent, som i 2022 er 500,, som skal dekke forsikring, felles drift av molo, parkeringsplassar, vasspostar, båtslipp, eventuelle straumpunkt, badestigar og andre nødvendige driftsutgifter og servicetilbod
  • Ein del som går til drift og vedlikehald av bølgebrytarar, den er lik for alle medlemmane
  • Ein del som kun går til de som har båtplass på flytebryggene som skal dekke drift og vedlikehald av flytebryggene
Budsjettet for 2022 som vart vedtatt på årsmøtet i 2022:


Kostnadar til service og vedlikehald for bølgebrytarar og flytebrygger fram til 2022 er betalt av LGU. LGU ønskjer å få refundert deler av utgiftene frå 2020. Dette vert eiga sak på komande årsmøte. Hamnestyret har ikkje utbetalt noko refusjon så langt til LGU. Utgiftene til vedlikehald for 2023 vert fordelt på alle båtplassane. Fakturaer for 2020 til og med 2023 er vedlagt. Beløp inkl mva.
2020:    100 162,-
2021:    85 636,-
2022:    409 808,-
2023:    43 635,- så langt. Telebryggen har gjennomført kontroll våren 2023.
Snitt:     160 000,-

Hamnestyret bad Telebryggen, som har utført service og vedlikehald, om ei vurdering på kor mykje av kostnadane som knytta seg til bølgebrytarane og flytebryggene. Telebryggen opplyste at det har fordelt seg om lag 50/50. Det har danna grunnlag for kontingentane som årsmøtet vedtok.

Erfaringstal kan gjere at kontingenten skal endrast i samsvar med fordelingsprinsippa over. Havnestyret vil for framtida be om at fakturaer frå Telebryggen vert spesifisert på kvart einskild anlegg.


Telebryggene opplyste også om at eit slikt anlegg normalt har ei levetid på 30 år og ein må pårekne ein del utgifter til skifte av foringar og anker midtvegs. Vårt anlegg er om lag halvvegs i levetida nå.

Det er hamnestyret sin vurdering at ein bør ha kontroll av anlegget ein gong i året av kvalifisert personell, både av omsyn til forsikring, men og fordi me ikkje ønskjer at anlegget skal drive av og øydelegge for millionar. I 2023 har Telebryggen kontrollert alle kaianlegg med uteliggarar på B1, B2, B3, FB1, FB2, BB1 og BB2.

Straum og vatn er komplisert og vanskeleg å ta stilling til for hamnestyret. Hamnestyret arbeider for å overføre felles vassabonnement til vellaget/hamnestyret. Slike abonnement bør ikkje vere knytta til einskildpersonar. Ofte kostar abonnementa meir enn forbruket. Årsmøtet ønskjer at straum skulle verte eiga sak på årsmøtet i 2023.

Ekstraordinært årsmøte
Hamnestyret ser ikkje at der er gjort vesentlege avvik frå det årsmøtet vedtok i 2022 og ser derfor ikkje behov for eit ekstraordinært årsmøte eit par månadar før ordinært årsmøte. Det er ikkje til hinder for at medlemmar kan krevje ekstraordinært årsmøte i vellet i samsvar med vedtektene til SLV.

Til orientering vert det lagt fram forslag om nye vedtekter både for vellet og hamna på komande årsmøte.

Om medlemmane vèl og ikkje betale medlemskontingenten vert det ikkje berre hamnestyret sin utfordring, men alle som har båtplass i hamna og må og bør handsamast på årsmøtet.

Hamnestyret ser at auken i kontingenten for 2023 er stor, men samstundes er nok det ein konsekvens av at ein så langt har betalt svært lite over lang tid.

Venleg helsing
Lussevika havnestyre

Ole Bjørn Maråk                            Espen Regevik                                 Harald Reime   

Sigurd Trones                                 Rolf Marcus Eskeland                            Brynjulf Øie


24.4.23
 

 Svar på brev med informasjon til havna sine medlemmer av 8.4.23

Vedlegg:

 24.03.23 Leverandørfaktura -TELEBRYGGEN AS

 18.08.2022 Leverandørfaktura - TELEBRYGGEN AS

 19.03.2021 - Leverandørfaktura - TELEBRYGGEN AS

 25.08.2020 Leverandørfaktura - TELEBRYGGEN AS

 Faktura SP0004793766.1.1 54cb

 Forsikringsavtale fram til haust 2022 B1, B2, B3 og sjøboder B1

 Forsikringsavtale etter haust 2022



 
Top